1 Manasse var tolv år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i femtifem år.
2 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og tok etter all den styggedomen som dei fór med, dei folkeslaga Herren hadde drive bort for israelittane.
3 Han bygde opp att offerhaugane som Hiskia, far hans, hadde rive ned, reiste altar for Ba’algudane og laga Asjera-pålar. Og han tilbad og dyrka heile himmelhæren.
4 Jamvel i Herrens hus bygde han slike altar, endå Herren hadde sagt: «I Jerusalem skal namnet mitt bu til evig tid.»
5 I begge føregardane til templet bygde han altar for heile himmelhæren.
6 Manasse lét sønene sine gå gjennom elden i Hinnom-dalen. Han dreiv med teikntyding, spådomskunster og trolldom og fekk seg åndemanarar og spåmenn. Han gjorde mykje som var vondt i Herrens augo, og eggja han til harme.
7 Gudebiletet som Manasse hadde laga, sette han opp i Guds hus, det Gud hadde tala så om til David og Salomo, son hans: «I dette huset og i Jerusalem, som eg har valt ut innanfor alle Israels-ættene, vil eg la namnet mitt bu til evig tid.