15 Så hadde han bort frå Herrens hus dei framande gudane og gudebiletet, og like eins alle dei altara han hadde reist på Herrens tempelberg og i Jerusalem, og kasta dei utanfor byen.
16 Han sette i stand Herrens altar og bar fram måltidsoffer og takkoffer på det. Og han sa til folket i Juda at dei skulle tena Herren, Israels Gud.
17 Folket heldt likevel fram med å ofra på haugane, men berre til Herren sin Gud.
18 Det som elles er å seia om Manasse og bøna hans til sin Gud og dei orda sjåarane tala til han i namnet åt Herren, Israels Gud, det står skrive i boka om Israels-kongane.
19 Og bøna hans og korleis han vart bønhøyrd, og all synda og utruskapen hans og dei stadene der han bygde offerhaugar og reiste Asjera-pålar og gudebilete, før han audmykte seg, alt det er det skrive om i boka åt sjåarane hans.
20 Manasse gjekk til kvile hjå fedrane sine. Dei gravla han i huset hans, og Amon, son hans, vart konge etter han.
21 Amon var tjueto år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i to år.