8 Og eg vil aldri meir la Israel fara heimlaus bort frå det landet eg etla fedrane deira, så sant dei legg vinn på å gjera alt det eg har sagt dei føre, og lever etter heile den lova og alle dei boda og føresegnene som dei har fått gjennom Moses.»
9 Men Manasse førte folket i Juda og Jerusalem vilt, så dei gjorde endå meir vondt enn dei folkeslaga som Herren hadde rudt ut for israelittane.
10 Då tala Herren til Manasse og folket hans, men dei brydde seg ikkje om det.
11 Difor sende Herren hærførarane åt assyrarkongen mot dei. Og dei fanga Manasse med krokar, batt han med bronselekkjer og førte han til Babylonia.
12 Men då han var i naud, bad han Herren sin Gud om nåde og audmykte seg djupt for sine fedrars Gud.
13 Og Herren lydde etter då han bad. Han høyrde den inderlege bøna hans, førte han tilbake til Jerusalem og lét han få att riket sitt. Då skjøna Manasse at det er Herren som er Gud.
14 Sidan bygde han ein ytre mur om Davids-byen, vestanfor Gihon, nede i dalen, fram til Fiskeporten. Han lét muren gå kring Ofel og gjorde han retteleg høg. Og i alle festningsbyane i Juda sette han hærførarar.