9 Men Manasse førte folket i Juda og Jerusalem vilt, så dei gjorde endå meir vondt enn dei folkeslaga som Herren hadde rudt ut for israelittane.
10 Då tala Herren til Manasse og folket hans, men dei brydde seg ikkje om det.
11 Difor sende Herren hærførarane åt assyrarkongen mot dei. Og dei fanga Manasse med krokar, batt han med bronselekkjer og førte han til Babylonia.
12 Men då han var i naud, bad han Herren sin Gud om nåde og audmykte seg djupt for sine fedrars Gud.
13 Og Herren lydde etter då han bad. Han høyrde den inderlege bøna hans, førte han tilbake til Jerusalem og lét han få att riket sitt. Då skjøna Manasse at det er Herren som er Gud.
14 Sidan bygde han ein ytre mur om Davids-byen, vestanfor Gihon, nede i dalen, fram til Fiskeporten. Han lét muren gå kring Ofel og gjorde han retteleg høg. Og i alle festningsbyane i Juda sette han hærførarar.
15 Så hadde han bort frå Herrens hus dei framande gudane og gudebiletet, og like eins alle dei altara han hadde reist på Herrens tempelberg og i Jerusalem, og kasta dei utanfor byen.