1 Josjia var åtte år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i trettiein år.
2 Han gjorde det som rett var i Herrens augo, og fór i alle måtar fram som David, ættefar hans, hadde gjort; han bøygde ikkje av, korkje til høgre eller venstre.
3 I det åttande styringsåret sitt, då han endå var ein ungdom, tok han til å søkja Gud åt David, ættefar sin. Og i det tolvte året tok han til å reinsa Juda og Jerusalem for offerhaugar og Asjera-pålar og utskorne og støypte gudebilete.
4 Medan han såg på, reiv dei ned altara for Ba’algudane; røykjelsesaltara som stod oppå dei, hogg han ned, og Asjera-pålane og dei utskorne og støypte bileta slo han sund. Han knuste dei til støv, og støvet strøydde han på gravene åt folk som hadde ofra til dei.
5 Beina åt prestane brende han på deira eigne altar. Såleis reinsa han Juda og Jerusalem.