11 og til tømmermennene og bygningsmennene, til å kjøpa inn hoggen stein og trevyrke til tverrbjelkar, og til å tømra opp att dei bygningane som Juda-kongane hadde late forfalla.
12 Mennene arbeidde trufast på verket. Nokre av levittane var sette til å ha tilsyn med dei. Det var Jahat og Obadja av Merari-sønene og Sakarja og Mesjullam av Kehat-sønene. Alle levittar som skjøna seg på musikkinstrument,
13 hadde tilsyn med berarane og rettleidde alle handverkarane, kva arbeid dei så gjorde. Andre levittar var skrivarar, arbeidsformenn og dørvaktarar.
14 Då dei tok fram pengane som var innkomne til Herrens hus, fann presten Hilkia boka med Herrens lov, som var gjeven ved Moses.
15 Då tok Hilkia til ords og sa til Sjafan, riksskrivaren: «Eg har funne ei lovbok i Herrens hus.» Og han gav boka til riksskrivaren.
16 Sjafan tok henne med seg til kongen, og samstundes sa han frå: «Tenarane dine gjer alt det som er pålagt dei.
17 Dei har tømt ut dei pengane som fanst i Herrens hus, og gjeve dei til tilsynsmennene og arbeidsleiarane.»