14 Då dei tok fram pengane som var innkomne til Herrens hus, fann presten Hilkia boka med Herrens lov, som var gjeven ved Moses.
15 Då tok Hilkia til ords og sa til Sjafan, riksskrivaren: «Eg har funne ei lovbok i Herrens hus.» Og han gav boka til riksskrivaren.
16 Sjafan tok henne med seg til kongen, og samstundes sa han frå: «Tenarane dine gjer alt det som er pålagt dei.
17 Dei har tømt ut dei pengane som fanst i Herrens hus, og gjeve dei til tilsynsmennene og arbeidsleiarane.»
18 Så fortalde han kongen at Hilkia, presten, hadde gjeve han ei bok. Og han las opp or boka for kongen.
19 Då Josjia høyrde det som stod i lova, reiv han sund kleda sine.
20 Så tala han med Hilkia og med Ahikam Sjafansson, Abdon Mikason, Sjafan, riksskrivaren, og Asaja, kongsmannen, og sa: