15 Då tok Hilkia til ords og sa til Sjafan, riksskrivaren: «Eg har funne ei lovbok i Herrens hus.» Og han gav boka til riksskrivaren.
16 Sjafan tok henne med seg til kongen, og samstundes sa han frå: «Tenarane dine gjer alt det som er pålagt dei.
17 Dei har tømt ut dei pengane som fanst i Herrens hus, og gjeve dei til tilsynsmennene og arbeidsleiarane.»
18 Så fortalde han kongen at Hilkia, presten, hadde gjeve han ei bok. Og han las opp or boka for kongen.
19 Då Josjia høyrde det som stod i lova, reiv han sund kleda sine.
20 Så tala han med Hilkia og med Ahikam Sjafansson, Abdon Mikason, Sjafan, riksskrivaren, og Asaja, kongsmannen, og sa:
21 «Gå og spør Herren til råds for meg og for dei som er att i Israel og Juda, om det som står i den boka som no er funnen. For stor er Herrens harme som har loga opp mot oss, fordi fedrane våre ikkje har halde seg etter Herrens ord og ikkje gjort alt det som er skrive i denne boka.»