17 Dei har tømt ut dei pengane som fanst i Herrens hus, og gjeve dei til tilsynsmennene og arbeidsleiarane.»
18 Så fortalde han kongen at Hilkia, presten, hadde gjeve han ei bok. Og han las opp or boka for kongen.
19 Då Josjia høyrde det som stod i lova, reiv han sund kleda sine.
20 Så tala han med Hilkia og med Ahikam Sjafansson, Abdon Mikason, Sjafan, riksskrivaren, og Asaja, kongsmannen, og sa:
21 «Gå og spør Herren til råds for meg og for dei som er att i Israel og Juda, om det som står i den boka som no er funnen. For stor er Herrens harme som har loga opp mot oss, fordi fedrane våre ikkje har halde seg etter Herrens ord og ikkje gjort alt det som er skrive i denne boka.»
22 Då gjekk Hilkia og dei andre mennene som kongen sende av stad, til Hulda, ei profetkvinne, som var gift med Sjallum, son til Tikva Harkasson, han som hadde tilsyn med kleda. Hulda budde i Nybyen i Jerusalem. Dei la saka fram for henne,
23 og ho sa til dei:Så seier Herren, Israels Gud: Sei til den mannen som har sendt dykk til meg: