2 Han gjorde det som rett var i Herrens augo, og fór i alle måtar fram som David, ættefar hans, hadde gjort; han bøygde ikkje av, korkje til høgre eller venstre.
3 I det åttande styringsåret sitt, då han endå var ein ungdom, tok han til å søkja Gud åt David, ættefar sin. Og i det tolvte året tok han til å reinsa Juda og Jerusalem for offerhaugar og Asjera-pålar og utskorne og støypte gudebilete.
4 Medan han såg på, reiv dei ned altara for Ba’algudane; røykjelsesaltara som stod oppå dei, hogg han ned, og Asjera-pålane og dei utskorne og støypte bileta slo han sund. Han knuste dei til støv, og støvet strøydde han på gravene åt folk som hadde ofra til dei.
5 Beina åt prestane brende han på deira eigne altar. Såleis reinsa han Juda og Jerusalem.
6 Og rundt ikring i byane i Manasse, Efraim og Simeon, ja, radt til Naftali, på torga der,
7 reiv han ned altara og Asjera-pålane, og dei utskorne bileta slo han i knas. I heile Israel hogg han ned alle røykjelsesaltara. Så fór han heim att til Jerusalem.
8 I det attande styringsåret åt kong Josjia, då han hadde reinsa landet og templet, sende han Sjafan Asaljason, Ma’aseja, byhovdingen, og Joak Joakasson, kanslaren, av stad for å setja i stand huset åt Herren hans Gud.