29 Då sende kongen bod og kalla saman alle dei eldste i Juda og Jerusalem.
30 Sidan gjekk han opp til Herrens hus, og alle Juda-mennene og Jerusalems-buane fylgde han: prestane og levittane og heile folket, både store og små. Og han las opp for dei alt det som stod skrive i paktboka som var funnen i Herrens hus.
31 Så steig kongen fram til plassen sin og gjorde ei pakt for Herrens åsyn: Folket skulle fylgja Herren og halda hans bod, lovbod og føresegner av heile sitt hjarta og heile sin hug. Alle dei paktord som var skrivne i denne boka, skulle dei halda.
32 Han fekk kvar mann som fanst i Jerusalem og Benjamin til å gå med i pakta. Og sidan levde Jerusalems-buane etter den pakta dei hadde gjort med Gud, sine fedrars Gud.
33 Josjia fekk bort all styggedomen frå alle dei landområda som høyrde israelittane til, og sytte for at heile Israels-folket dyrka Herren sin Gud. Så lenge han levde, vende dei seg ikkje bort frå Herren, sine fedrars Gud.