9 Då dei kom til Hilkia, øvstepresten, gav dei frå seg dei pengane som var komne inn til Guds hus, alt det dei levittane som heldt vakt ved dørene, hadde samla inn frå Manasse, Efraim og alle dei andre Israels-ættene, frå heile Juda og Benjamin og frå Jerusalemsbuane.
10 Dei gav pengane til arbeidsleiarane som hadde tilsyn med Herrens hus. Og dei gav dei til handverkarane som arbeidde i templet og skulle bøta brestene der og vøla på det,
11 og til tømmermennene og bygningsmennene, til å kjøpa inn hoggen stein og trevyrke til tverrbjelkar, og til å tømra opp att dei bygningane som Juda-kongane hadde late forfalla.
12 Mennene arbeidde trufast på verket. Nokre av levittane var sette til å ha tilsyn med dei. Det var Jahat og Obadja av Merari-sønene og Sakarja og Mesjullam av Kehat-sønene. Alle levittar som skjøna seg på musikkinstrument,
13 hadde tilsyn med berarane og rettleidde alle handverkarane, kva arbeid dei så gjorde. Andre levittar var skrivarar, arbeidsformenn og dørvaktarar.
14 Då dei tok fram pengane som var innkomne til Herrens hus, fann presten Hilkia boka med Herrens lov, som var gjeven ved Moses.
15 Då tok Hilkia til ords og sa til Sjafan, riksskrivaren: «Eg har funne ei lovbok i Herrens hus.» Og han gav boka til riksskrivaren.