1 Så heldt Josjia påske for Herren i Jerusalem. Den fjortande dagen i den fyrste månaden slakta dei påskelammet.
2 Kongen gav prestane dei oppgåvene dei skulle ha, og sette mot i dei til tenesta i Herrens hus.
3 Og til levittane, som skulle vera lærarar for heile Israel, og som var helga til Herren, sa han: «Set den heilage kista i det huset som Israels-kongen Salomo, son til David, har bygt. De treng ikkje bera noko på akslene meir. No skal de tena Herren dykkar Gud og Israel, folket hans.
4 Gjer dykk ferdige, kvar i si ættgrein og sitt skift, så som David, Israels konge, og Salomo, son hans, har føreskrive.
5 Stell dykk opp i heilagdomen etter dei flokkane av ættgreiner som brørne dykkar i folket utgjer, ei levitt-ættgrein for kvar flokk.
6 Så skal de slakta påskelammet, helga dykk og stella alt til for brørne dykkar. Gjer det så som Herren har sagt gjennom Moses.»