3 Og til levittane, som skulle vera lærarar for heile Israel, og som var helga til Herren, sa han: «Set den heilage kista i det huset som Israels-kongen Salomo, son til David, har bygt. De treng ikkje bera noko på akslene meir. No skal de tena Herren dykkar Gud og Israel, folket hans.
4 Gjer dykk ferdige, kvar i si ættgrein og sitt skift, så som David, Israels konge, og Salomo, son hans, har føreskrive.
5 Stell dykk opp i heilagdomen etter dei flokkane av ættgreiner som brørne dykkar i folket utgjer, ei levitt-ættgrein for kvar flokk.
6 Så skal de slakta påskelammet, helga dykk og stella alt til for brørne dykkar. Gjer det så som Herren har sagt gjennom Moses.»
7 Josjia gav lekfolket småfe – tretti tusen lam og kje – alt saman til påskeoffer for alle som var til stades, og like eins tre tusen oksar. Alt dette gav kongen av det han sjølv åtte.
8 Og stormennene hans kom med friviljuge gåver til folket og prestane og levittane. Hilkia, Sakarja og Jehiel, som hadde det øvste tilsynet med Guds hus, gav prestane to tusen seks hundre påskelam og tre hundre oksar.
9 Og Konanja og Sjemaja og Netanel, brørne hans, og Hasjabja, Je’iel og Josabad, dei fremste mellom levittane, gav levittane fem tusen påskelam og fem hundre oksar.