14 Alle leiarane i Juda og prestane og folket vart òg meir og meir trulause og gjorde dei same stygge tinga som andre folkeslag. Og dei gjorde Herrens hus ureint, det som han hadde helga i Jerusalem.
15 Herren, deira fedrars Gud, åtvara dei både seint og tidleg gjennom utsendingane sine; for han hadde medkjensle med folket sitt og bustaden sin.
16 Men dei spotta Guds utsendingar, vanvørde orda hans og heldt profetane hans for narr, til Herrens harme mot folket hans vart så stor at det ikkje fanst botevon meir.
17 Så lét Herren kaldearkongen fara i hærferd mot folket i Juda. Han drap dei unge mennene deira med sverd midt i det heilage huset deira og sparte korkje gutar eller jenter, gamle eller skrale. Herren gav dei alle i hans hender.
18 Alle dei kar som fanst i Guds hus, både store og små, og skattane, både dei som var i Herrens hus, og dei som kongen og stormennene hans åtte – alt tok han med seg til Babylon.
19 Så brende dei Guds hus og reiv ned muren kring Jerusalem. Alle borgene i byen sette dei eld på, og alle dei dyre eignelutene som fanst der, vart øydelagde.
20 Dei som slapp unna sverdet, førte han bort til Babylonia. Der laut dei vera trælar for han og sønene hans heilt til persarane fekk makta.