16 Men dei spotta Guds utsendingar, vanvørde orda hans og heldt profetane hans for narr, til Herrens harme mot folket hans vart så stor at det ikkje fanst botevon meir.
17 Så lét Herren kaldearkongen fara i hærferd mot folket i Juda. Han drap dei unge mennene deira med sverd midt i det heilage huset deira og sparte korkje gutar eller jenter, gamle eller skrale. Herren gav dei alle i hans hender.
18 Alle dei kar som fanst i Guds hus, både store og små, og skattane, både dei som var i Herrens hus, og dei som kongen og stormennene hans åtte – alt tok han med seg til Babylon.
19 Så brende dei Guds hus og reiv ned muren kring Jerusalem. Alle borgene i byen sette dei eld på, og alle dei dyre eignelutene som fanst der, vart øydelagde.
20 Dei som slapp unna sverdet, førte han bort til Babylonia. Der laut dei vera trælar for han og sønene hans heilt til persarane fekk makta.
21 Såleis vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala gjennom Jeremia. Landet fekk kvila til dess det hadde teke att sabbatsåra sine, så lenge det låg audt, til sytti år var lidne.
22 I det fyrste året Kyros var konge i Persia, gav Herren han den tanken at han skulle senda ut ei kunngjering, så det ordet Herren hadde tala gjennom profeten Jeremia, skulle oppfyllast. Kongen kunngjorde i heile sitt rike, både munnleg og skriftleg, denne bodskapen: