2 Joakas var tjuetre år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader.
3 Men kongen i Egypt sette han av, så han ikkje fekk råda i Jerusalem lenger, og la skatt på landet, hundre talentar sølv og ein talent gull.
4 Så gjorde Neko, kongen i Egypt, Eljakim, bror hans, til konge over Juda og Jerusalem og endra namnet hans til Jojakim. Joakas, bror hans, tok Neko med seg til Egypt.
5 Jojakim var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Han gjorde det som var Herren hans Gud imot.
6 Nebukadnesar, kongen i Babylonia, gjorde ei hærferd mot han og batt han med bronselekkjer og ville føra han til Babylonia.
7 Nebukadnesar tok òg med seg ein del av kara i Herrens hus og sette dei i templet sitt i Babylon.
8 Det som elles er å seia om Jojakim, om alt det stygge han gjorde, og det som hende han, det står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane. Jojakin, son hans, vart konge etter han.