7 Nebukadnesar tok òg med seg ein del av kara i Herrens hus og sette dei i templet sitt i Babylon.
8 Det som elles er å seia om Jojakim, om alt det stygge han gjorde, og det som hende han, det står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane. Jojakin, son hans, vart konge etter han.
9 Jojakin var atten år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader og ti dagar. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo.
10 Ved årsskiftet sende kong Nebukadnesar ut folk som førte han til Babylon, og saman med han dei dyre kara i Herrens hus. Så gjorde han Sidkia, farbror hans, til konge i Juda og Jerusalem.
11 Sidkia var tjueein år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år.
12 Han gjorde det som var Herren hans Gud imot. Og han audmykte seg ikkje for profeten Jeremia, som tala ord frå Herrens munn.
13 Sidkia gjorde jamvel opprør mot kong Nebukadnesar, som hadde late han sverja seg truskap ved Gud. Han var stridlyndt og hard i hugen og ville ikkje venda om til Herren, Israels Gud.