1 Så laga Salomo eit altar av bronse. Det var tjue alner langt, tjue alner breitt og ti alner høgt.
2 Sidan laga han det støypte havet. Det mælte ti alner frå kant til kant og var heilt rundt. Høgda var fem alner, og det trongst ei snor på tretti alner om ho skulle nå rundt det.
3 Nedanfor kanten var det bilete av oksar rundt ikring. Dei gjekk rundt heile havet, ti på kvar alen. Det var to rader med oksar, og dei var støypte i eitt med havet.
4 Havet stod på tolv oksar. Tre snudde mot nord, tre mot vest, tre mot sør og tre mot aust, og dei stod alle med bakkroppen innover. Havet kvilte på dei.
5 Sjølve karet var ei handsbreidd tjukt, og kanten var laga som kanten på eit staup, på skap som ein lotusblom. Det tok tre tusen bat.