12 to søyler, to skåler på søylehovuda øvst på søylene; to flettverksarbeid til å leggja over dei to skålene;
13 dei fire hundre granatepla til dei to flettverka, to rader med granateple til kvart flettverk, til å leggja over dei to skålene på søylehovuda;
14 dei ti fotstykka med dei ti kjelane på;
15 havet – det var berre eitt – med dei tolv oksane under;
16 oskefata, eldskuflene og kjøtgaflane. Alt dette som meisteren Hiram laga for kong Salomo til Herrens hus, var av skinande bronse.
17 Det var på Jordan-sletta kongen fekk dei støypte, i den faste leirjorda mellom Sukkot og Saretan.
18 Salomo laga ei stor mengd med slike ting. Ingen kunne seia kor mykje bronsen vog.