19 Salomo fekk òg laga alt det andre som skulle vera i Guds hus: gullaltaret og borda som skodebrøda skulle liggja på;
20 ljosestakane med lamper som skulle kveikjast på føreskriven måte – dei stod framfor det inste romet og var av fint gull;
21 blomane, lampene og ljosesaksene av gull, ja, av reint gull;
22 knivane, offerskålene, kannene og glopannene, alt av fint gull. Og i inngangane til huset var både dei dørene som førte inn til det høgheilage romet, og dei som førte inn til det heilage romet, av gull.