3 Nedanfor kanten var det bilete av oksar rundt ikring. Dei gjekk rundt heile havet, ti på kvar alen. Det var to rader med oksar, og dei var støypte i eitt med havet.
4 Havet stod på tolv oksar. Tre snudde mot nord, tre mot vest, tre mot sør og tre mot aust, og dei stod alle med bakkroppen innover. Havet kvilte på dei.
5 Sjølve karet var ei handsbreidd tjukt, og kanten var laga som kanten på eit staup, på skap som ein lotusblom. Det tok tre tusen bat.
6 Så laga han ti kjelar og sette fem på høgre og fem på venstre sida. I dei skulle dei skylja det som høyrde brennoffera til. Men prestane skulle vaska seg i havet.
7 Salomo fekk òg laga ti ljosestakar av gull, så som dei skulle vera. Dei sette han i tempelromet, fem på høgre og fem på venstre sida.
8 Han laga ti bord som han sette i tempelromet, fem på høgre og fem på venstre sida; og han laga hundre offerskåler av gull.
9 Så bygde han føregarden for prestar og den store tempelgarden med dører til, og dørene kledde han med bronse.