7 Salomo fekk òg laga ti ljosestakar av gull, så som dei skulle vera. Dei sette han i tempelromet, fem på høgre og fem på venstre sida.
8 Han laga ti bord som han sette i tempelromet, fem på høgre og fem på venstre sida; og han laga hundre offerskåler av gull.
9 Så bygde han føregarden for prestar og den store tempelgarden med dører til, og dørene kledde han med bronse.
10 Havet sette han på sørsida av templet, ved det sør-austre hjørnet.
11 Hiram laga oskefata, eldskuflene og offerskålene. Dermed hadde han fullført det arbeidet han skulle gjera for kong Salomo til Guds hus:
12 to søyler, to skåler på søylehovuda øvst på søylene; to flettverksarbeid til å leggja over dei to skålene;
13 dei fire hundre granatepla til dei to flettverka, to rader med granateple til kvart flettverk, til å leggja over dei to skålene på søylehovuda;