3 Og alle menn i Israel samla seg hjå kongen på høgtida i den sjuande månaden.
4 Då alle dei eldste i Israel var komne, tok levittane paktkista
5 og bar henne opp, og like eins møteteltet og alle dei heilage kara som var i teltet. Det var levittprestane som bar dei.
6 Kong Salomo stod framfor kista saman med heile Israels-lyden, som hadde samla seg hjå han. Og dei ofra småfe og storfe i slik mengd at ingen kunne telja eller rekna dei.
7 Så bar prestane Herrens paktkiste og sette henne der ho skulle stå, i det inste tempelromet, i Det høgheilage, under vengene på kjerubane.
8 Og kjerubane breidde ut vengene sine over den staden der kista stod, så dei tekte over både kista og berestengene.
9 Stengene var så lange at ein kunne sjå endane av dei frå det heilage romet framfor Det høgheilage, men ikkje utanfrå. Der har ho vore til denne dag.