7 Så bar prestane Herrens paktkiste og sette henne der ho skulle stå, i det inste tempelromet, i Det høgheilage, under vengene på kjerubane.
8 Og kjerubane breidde ut vengene sine over den staden der kista stod, så dei tekte over både kista og berestengene.
9 Stengene var så lange at ein kunne sjå endane av dei frå det heilage romet framfor Det høgheilage, men ikkje utanfrå. Der har ho vore til denne dag.
10 I kista fanst det ikkje anna enn dei to tavlene som Moses hadde lagt ned der ved Horeb, den gongen Herren gjorde pakt med israelittane då dei drog ut or Egypt.
11 Så gjekk prestane ut or heilagdomen. Alle prestane som var der, hadde helga seg, kva skift dei så tilhøyrde.
12 Og alle levittsongarane, både Asaf, Heman og Jedutun og sønene og brørne deira stod der på austsida av altaret, kledde i lin, med cymblar, harper og lyrer, og i lag med dei hundre og tjue prestar som bles i trompetar.
13 Med eitt sette trompetblåsarane og songarane i, alle som ein, og lova og prisa Herren. Til lyden av trompetar, cymblar og andre musikkinstrument lova dei Herren fordi han er god, og hans miskunn varer til evig tid. Då vart templet, Herrens hus, fylt av ei sky.