11 Der har eg sett den kista som gøymer vitnemålet om den pakta Herren gjorde med israelittane.
12 Så steig Salomo fram for Herrens altar midt for heile Israels-lyden og breidde ut hendene.
13 Han hadde laga ein bronsetram, som var fem alner lang, fem alner brei og tre alner høg, og sett han midt i tempelgarden. På den stod han no. Så la han seg på kne framfor heile Israels-lyden, breidde ut hendene mot himmelen
14 og sa:Herre, Israels Gud! Det finst ingen Gud som du, korkje i himmelen eller på jorda. Du held pakta med tenarane dine og lèt di miskunn vara ved, når dei av heile sitt hjarta ferdast for ditt åsyn.
15 Du har halde den lovnaden du gav David, far min, tenaren din. Du gav han med ord og har oppfylt han i gjerning, som det syner seg i dag.
16 Så hald då, Herre, Israels Gud, den lovnaden du gav David, far min, tenaren din, då du sa: «Det skal aldri vanta ein mann av di ætt til å sitja på Israels kongsstol for mitt åsyn, så sant sønene dine aktar på si ferd og held seg etter mi lov, liksom du har gjort.»
17 Lat det no stå fast, Herre, Israels Gud, det ordet du tala til David, tenaren din!