17 Lat det no stå fast, Herre, Israels Gud, det ordet du tala til David, tenaren din!
18 Men er det så at Gud bur hjå menneska på jorda? Sjå, himmelen, den høge himmel, rømer deg ikkje, langt mindre dette huset som eg har bygt!
19 Vend deg til den inderlege bøna åt tenaren din, Herre min Gud, og høyr det ropet og den bøna som tenaren din ber fram for deg!
20 Vak over dette huset dag og natt, over den staden der namnet ditt skal bu, som du har sagt. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden.
21 Ja, høyr dei inderlege bønene som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, vende mot denne staden! Og når du høyrer dei i himmelen, der du bur, så bønhøyr og tilgjev!
22 Når ein mann skader nesten sin, og det vert kravt at han skal gjera eid, og han så kjem og sver framfor altaret ditt i dette huset,
23 då må du høyra det i himmelen og gripa inn og hjelpa tenarane dine til deira rett. Gjev den skuldige lika for det han har gjort, og lat åtferda hans koma att på han sjølv! Frikjenn den rettferdige, og lat han få løn for si rettferd!