2 No har eg bygt deg ein bustad,ein stad der du kan bu ¬til evig tid.
3 Så snudde kongen seg og velsigna heile Israels-lyden, medan dei alle stod.
4 Han sa: Lova vere Herren, Israels Gud, som har gjort det han lova David, far min, då han sa:
5 «Frå den dagen eg førte Israel, folket mitt, ut or Egypt, har eg ikkje valt ut nokon by i alle Israels-ættene så det skulle byggjast eit hus der til bustad for namnet mitt. Heller ikkje har eg valt ut nokon mann til å vere fyrste over Israel, folket mitt.
6 Men eg valde Jerusalem til bustad for namnet mitt, og eg valde David til å råda over Israel, folket mitt.»
7 Og David, far min, tenkte å byggja eit hus for namnet åt Herren, Israels Gud.
8 Men Herren sa til David, far min: «Når du har tenkt å byggja eit hus for namnet mitt, så har du gjort vel i det.