26 Når himmelen er stengd, så det ikkje kjem regn, fordi dei har synda mot deg, men dei så vender seg mot denne staden og bed til deg, vedkjennest namnet ditt og vender om frå synda si, fordi du har audmykt dei,
27 då må du høyra det i himmelen og tilgje tenaren din og Israel, folket ditt, synda deira. For du lærer dei den gode vegen dei skal gå. Send då regn over landet ditt, det landet du har gjeve folket ditt til odel og eige.
28 Når det vert uår og naud i landet, når det kjem pest, når det kjem kornbrann og rust, grashopper og gnagarar, når fiendar kringset byane der, når det kjem allslags plager og sjukdom over folket,
29 og så ein eller annan i heile folket ditt, Israel, ber fram inderlege bøner, fordi dei, kvar og ein, kjenner seg tyngde av naud og sorg, og breier ut hendene sine mot dette huset,
30 då må du høyra det i himmelen, der du bur. Tilgjev, grip inn og lat kvar mann få att etter åtferda si, du som kjenner hjarta hans. For du er den einaste som kjenner menneskehjarta.
31 Så skal dei ottast deg og ferdast på dine vegar så lenge dei lever i det landet du gav fedrane våre.
32 Det kan òg henda at utlendingar som ikkje høyrer Israel, folket ditt, til, kjem frå eit land langt borte fordi dei har høyrt om ditt store namn, di sterke hand og din strake arm. Når dei så kjem og ber fram bønene sine, vende mot dette huset,