31 Så skal dei ottast deg og ferdast på dine vegar så lenge dei lever i det landet du gav fedrane våre.
32 Det kan òg henda at utlendingar som ikkje høyrer Israel, folket ditt, til, kjem frå eit land langt borte fordi dei har høyrt om ditt store namn, di sterke hand og din strake arm. Når dei så kjem og ber fram bønene sine, vende mot dette huset,
33 så må du høyra dei i himmelen, der du bur, og gjera alt det dei ropar til deg om. Då skal alle folk på jorda læra namnet ditt å kjenna, og dei skal ottast deg liksom ditt eige folk, Israel, og skjøna at namnet ditt er nemnt over dette huset som eg har bygt.
34 Når folket ditt dreg ut i krig mot fienden, kvar du så sender dei, og dei bed til deg, vende mot denne byen som du har valt ut, og mot det huset som eg har bygt for namnet ditt,
35 då må du i himmelen høyra dei inderlege bønene deira og hjelpa dei til deira rett.
36 Det kan henda at folket syndar mot deg – for det finst ikkje noko menneske som ikkje syndar – og du vert harm på dei og gjev dei i fiendens hand, så han tek dei til fange og fører dei bort til eit anna land, anten det er langt borte eller tett ved.
37 Men så går dei i seg sjølve i det landet dei vart bortførte til, og vender om og bed deg om nåde der i landet og seier: «Vi har synda og bore oss ille åt; gudlause har vi vore.»