9 Men du skal ikkje byggja huset; son din, som er av ditt eige kjøt og blod, han skal byggja huset for namnet mitt.»
10 No har Herren oppfylt det ordet han tala. Eg har fylgt etter David, far min, og sett meg på Israels kongsstol, som Herren har sagt, og eg har bygt dette huset for namnet åt Herren, Israels Gud.
11 Der har eg sett den kista som gøymer vitnemålet om den pakta Herren gjorde med israelittane.
12 Så steig Salomo fram for Herrens altar midt for heile Israels-lyden og breidde ut hendene.
13 Han hadde laga ein bronsetram, som var fem alner lang, fem alner brei og tre alner høg, og sett han midt i tempelgarden. På den stod han no. Så la han seg på kne framfor heile Israels-lyden, breidde ut hendene mot himmelen
14 og sa:Herre, Israels Gud! Det finst ingen Gud som du, korkje i himmelen eller på jorda. Du held pakta med tenarane dine og lèt di miskunn vara ved, når dei av heile sitt hjarta ferdast for ditt åsyn.
15 Du har halde den lovnaden du gav David, far min, tenaren din. Du gav han med ord og har oppfylt han i gjerning, som det syner seg i dag.