2 Prestane kunne ikkje gå inn i Herrens hus fordi det var fylt av Herrens herlegdom.
3 Då alle israelittane såg at elden fór ned, og at Herrens herlegdom kom over huset, kasta dei seg ned med andletet mot steingolvet og tilbad og lova Herren, fordi han er god og hans miskunn varer til evig tid.
4 Så ofra kongen og alt folket slaktoffer til Herren.
5 Det offeret som Salomo då bar fram, var 22 000 oksar og 120 000 sauer. Såleis var det kongen og alt folket vigsla Guds hus.
6 Imedan stod prestane på postane sine, og levittane spela på dei instrumenta som kong David hadde fått laga til å prisa Herren med: «For hans miskunn varer til evig tid.» For David hadde sett dei til å føra fram lovsongen. Og prestane stod midt imot dei og bles i trompetar, medan heile Israel stod ikring.
7 Så vigsla Salomo midtdelen av føregarden framfor Herrens hus. Der bar han fram brennoffera og feittstykka av måltidsofferet. For bronsealtaret som Salomo hadde laga, kunne ikkje røma både brennofferet, grødeofferet og feittstykka.
8 I sju dagar heldt Salomo høgtid den gongen, og heile Israel med han. Det var ein stor festlyd som var komen saman heilt frå Lebo-Hamat til Egyptarbekken.