1 Då dei tjue åra var lidne som Salomo hadde brukt til å byggja Herrens hus og sitt eige hus,
2 bygde han opp att dei byane som Hiram hadde gjeve han, og lét israelittane busetja seg der.
3 Så drog han til Hamat-Soba og tok byen.
4 Han bygde opp Tadmor i øydemarka og alle byane med lagerhus som han grunnla i Hamat.
5 Like eins bygde han opp Øvre Bet-Horon og Nedre Bet-Horon og gjorde dei til festningsbyar med murar, portar og bommar.
6 Elles bygde Salomo Ba’alat og alle byane der han hadde lagerhus, og alle dei byane han hadde vognene og hestane sine i, og alt anna som han fekk hug til å byggja, både i Jerusalem og på Libanon og i heile det riket han rådde over.
7 Alle som var att av hetittane, amorittane, perisittane, hevittane og jebusittane, folk som ikkje høyrde Israel til,