11 Salomo lét dotter til farao flytta frå Davids-byen opp til det huset han hadde bygt åt henne. Han sa: «Det må ikkje bu ei kvinne i huset åt David, Israels-kongen. For det er heilagt, sidan Herrens paktkiste er komen dit.»
12 Den gongen bar Salomo fram brennoffer for Herren på det altaret han hadde bygt åt han framfor forhalla.
13 Kvar dag bar han fram dei offera som Moses hadde påbode, på sabbatane og nymånedagane og på dei tre høgtidene i året: i usyrdebrødshelga, sjuvekehelga og lauvhyttehelga.
14 Etter den føresegn som David, far hans, hadde gjeve, sette han prestane til å gjera teneste i skift, levittane til å ta seg av si oppgåve, å styra lovsongen og hjelpa prestane etter som det trongst for kvar dag, og dørvaktarane til å stå ved portane kvar sin gong. For så hadde David, gudsmannen, skipa det.
15 Dei veik ikkje av frå det som kongen hadde bode om prestane og levittane; så var det òg når det galdt skattkammera.
16 Så var då heile Salomos verk fullført, frå den dagen grunnvollen til Herrens hus vart lagd, til det stod ferdig, heile templet.
17 På den tid fór Salomo til Esjon-Geber og til Eilat, som ligg i Edom, nedmed havet.