14 Etter den føresegn som David, far hans, hadde gjeve, sette han prestane til å gjera teneste i skift, levittane til å ta seg av si oppgåve, å styra lovsongen og hjelpa prestane etter som det trongst for kvar dag, og dørvaktarane til å stå ved portane kvar sin gong. For så hadde David, gudsmannen, skipa det.
15 Dei veik ikkje av frå det som kongen hadde bode om prestane og levittane; så var det òg når det galdt skattkammera.
16 Så var då heile Salomos verk fullført, frå den dagen grunnvollen til Herrens hus vart lagd, til det stod ferdig, heile templet.
17 På den tid fór Salomo til Esjon-Geber og til Eilat, som ligg i Edom, nedmed havet.
18 Hiram sende nokre av mennene sine til han med skip og sjøvane folk. Saman med mennene åt Salomo fór dei til Ofir; der henta dei fire hundre og femti talentar gull, som dei hadde med seg heim til kong Salomo.