6 Elles bygde Salomo Ba’alat og alle byane der han hadde lagerhus, og alle dei byane han hadde vognene og hestane sine i, og alt anna som han fekk hug til å byggja, både i Jerusalem og på Libanon og i heile det riket han rådde over.
7 Alle som var att av hetittane, amorittane, perisittane, hevittane og jebusittane, folk som ikkje høyrde Israel til,
8 etterkomarane etter desse folka, så mange som endå var att i landet, fordi israelittane ikkje hadde rudt dei ut, dei gjorde Salomo til pliktarbeidarar, og det har dei vore til denne dag.
9 Men av israelittane sette han ingen til å gjera trælearbeid; dei var krigarar, hovdingar, våpensveinar og hovudsmenn for stridsvognene og hestfolket.
10 Arbeidsformennene åt kong Salomo var to hundre og femti i talet. Dei hadde tilsyn med arbeidsfolket.
11 Salomo lét dotter til farao flytta frå Davids-byen opp til det huset han hadde bygt åt henne. Han sa: «Det må ikkje bu ei kvinne i huset åt David, Israels-kongen. For det er heilagt, sidan Herrens paktkiste er komen dit.»
12 Den gongen bar Salomo fram brennoffer for Herren på det altaret han hadde bygt åt han framfor forhalla.