22 Kong Salomo var rikare og visare enn alle andre kongar på jorda.
23 Frå alle verdsens kantar kom det kongar og ville sjå han og høyra den visdomen Gud hadde lagt ned i hjarta hans.
24 Kvart år kom dei med gåver til han, ting av sølv og gull, kledebunader, våpen, krydder, hestar og muldyr.
25 Salomo hadde fire tusen stallrom for hestar og stridsvogner og tolv tusen hestfolk. Av dei la han somme i vognbyane, og somme hadde han hjå seg sjølv i Jerusalem.
26 Han rådde over alle kongane frå Eufrat til Filistarlandet og heilt til grensa mot Egypt.
27 Kongen gjorde sølv like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i Sjefela.
28 Hestane sine fekk Salomo frå Egypt og frå alle andre land.