28 Hestane sine fekk Salomo frå Egypt og frå alle andre land.
29 Det som elles er å seia om Salomo, frå fyrst til sist, det står skrive i boka åt profeten Natan, i profetiane åt Akia frå Sjilo og i synene åt sjåaren Iddo om Jeroboam Nebatsson.
30 I førti år var Salomo konge i Jerusalem og rådde over heile Israel.
31 Så gjekk Salomo til kvile hjå fedrane sine. Han vart gravlagd i byen åt David, far sin, og Rehabeam, son hans, vart konge etter han.