5 og sa til kongen: «Så var det då sant det eg høyrde heime i landet mitt om deg og visdomen din!
6 Eg ville ikkje tru det dei fortalde, før eg kom og fekk sjå det med eigne augo. Men no ser eg at dei ikkje har fortalt meg det halve om den store visdomen din. Du er større enn alt det eg har høyrt om deg.
7 Lukkelege er mennene dine, og lukkelege er desse tenarane dine, som alltid får stå framfor deg og høyra visdomen din!
8 Lova vere Herren din Gud, som hadde slik hugnad i deg at han sette deg på sin kongsstol til å vera konge for Herren din Gud. Fordi din Gud har Israel kjært og vil halda det oppe til evig tid, har han sett deg til konge over dei, så du skal fremja rett og rettferd.»
9 Så gav ho kongen hundre og tjue talentar gull og ei stor mengd med krydder og dyre steinar. Det har aldri funnest så mykje krydder i landet som det Saba-dronninga gav kong Salomo.
10 Elles hadde mennene til Hiram og Salomo, dei som henta gull frå Ofir, med seg sandeltre og dyre steinar derifrå.
11 Av sandeltreet fekk kongen laga tropper til Herrens hus og kongsgarden, og lyrer og harper til songarane. Noko slikt hadde aldri vore å sjå i Juda før.