8 Lova vere Herren din Gud, som hadde slik hugnad i deg at han sette deg på sin kongsstol til å vera konge for Herren din Gud. Fordi din Gud har Israel kjært og vil halda det oppe til evig tid, har han sett deg til konge over dei, så du skal fremja rett og rettferd.»
9 Så gav ho kongen hundre og tjue talentar gull og ei stor mengd med krydder og dyre steinar. Det har aldri funnest så mykje krydder i landet som det Saba-dronninga gav kong Salomo.
10 Elles hadde mennene til Hiram og Salomo, dei som henta gull frå Ofir, med seg sandeltre og dyre steinar derifrå.
11 Av sandeltreet fekk kongen laga tropper til Herrens hus og kongsgarden, og lyrer og harper til songarane. Noko slikt hadde aldri vore å sjå i Juda før.
12 Kong Salomo gav Saba-dronninga alt det ho hadde hug på og bad om, forutan det ho fekk fordi ho hadde hatt med seg gåver til kongen. Så tok ho av stad og fór heim att til landet sitt saman med tenarane sine.
13 Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar.
14 Til det kom avgiftene frå kjøpmenn og handelsmenn som førte inn varer. Alle arabarkongane og statthaldarane i landet kom òg med gull og sølv til Salomo.