7 Vi har bore oss ille åt mot deg og ikkje halde dei bod og føresegner og lover som du gav Moses, tenaren din.
8 Kom i hug det ordet du tala til Moses, tenaren din, då du sa: «Er de trulause, vil eg spreia dykk mellom folka.
9 Men vender de om til meg og held boda mine og lever etter dei, då skal eg samla dykk, om de så er bortdrivne til verdsens ende, og føra dykk til den staden eg har valt til bustad åt namnet mitt.»
10 Dei er då tenarane dine og folket ditt, som du har fria ut med di store kraft og di sterke hand.
11 Å Herre, høyr bøna åt tenaren din og tenarane dine, som gjerne vil ottast namnet ditt. Lat tenaren din ha lukka med seg i dag, og lat meg møta miskunn hjå denne mannen!Då dette hende, var eg munnskjenkjar hjå kongen.