Nehemja 10 N78NN

1 Dei som skreiv under, var: statthaldaren Nehemja, son til Hakalja, Sidkia,

2 Seraja, Asarja, Jeremia,

3 Pasjkur, Amarja, Malkia,

4 Hattusj, Sjebanja, Malluk,

5 Harim, Meremot, Obadja,

6 Daniel, Ginneton, Baruk,

7 Mesjullam, Abia, Mijamin,

8 Ma’asja, Bilgai og Sjemaja. Dette var prestane.

9 Levittane var: Josva, son til Asanja, Binnui av Henadad-ætta og Kadmiel

10 og frendane deira: Sjebanja, Hodia, Kelita, Pelaja, Hanan,

11 Mika, Rehob, Hasjabja,

12 Sakkur, Sjerebja, Sjebanja,

13 Hodia, Bani og Beninu.

14 Stormennene i folket var: Parosj, Pakat-Moab, Elam, Sattu, Bani,

15 Bunni, Asgad, Bebai,

16 Adonja, Bigvai, Adin,

17 Ater, Hiskia, Assur,

18 Hodia, Hasjum, Besai,

19 Harif, Anatot, Nebai,

20 Magpiasj, Mesjullam, Hesir,

21 Mesjesabel, Sadok, Jaddua,

22 Pelatja, Hanan, Anaja,

23 Hosea, Hananja, Hasjub,

24 Hallokesj, Pilka, Sjobek,

25 Rehum, Hasjabna, Ma’aseja,

26 Akia, Hanan, Anan,

27 Malluk, Harim og Ba’ana.

28 Resten av folket – prestane, levittane, portvaktarane, songarane, tempeltenarane og alle dei som hadde skilt seg frå dei framande folka og ville leva etter Guds lov, og like eins konene og sønene og døtrene deira, alle som hadde godt nok vit –

29 dei slutta seg til dei fremste mennene i landet og svor dyrt og heilagt at dei ville fylgja Guds lov, som var gjeven ved Moses, Guds tenar. Dei ville halda alle boda frå Herren vår Gud, alle lovene og føresegnene hans, og leva etter dei:

30 Vi skal ikkje gje døtrene våre til menn av framande folkeslag og ikkje ta døtrene deira til koner åt sønene våre.

31 Når framande folk kjem med allslags korn og andre varer og vil selja det på sabbaten, skal vi ikkje kjøpa av dei, korkje på sabbaten eller på andre helgedagar. Kvart sjuande år skal vi la jorda kvila og ettergje all gjeld.

32 Like eins tek vi på oss den plikta at vi kvart år skal betala ein tredjedels sekel til tenesta i vår Guds hus,

33 til skodebrøda, det daglege grødeofferet og brennofferet, til offera på sabbatane, nymånedagane og høgtidene, til dei heilage gåvene og til syndoffera som vert framborne til soning for Israel, og til alt arbeidet i vår Guds hus.

34 Vi, prestane, levittane og folket skal kasta lodd om ved-haldet til vår Guds hus. Huslyd for huslyd skal år etter år, til fastsette tider, koma med veden og såleis syta for brensel på altaret åt Herren vår Gud, som føreskrive er i lova.

35 Kvart år skal vi koma til Herrens hus med den fyrste grøda av jorda vår og dei fyrste mogne fruktene av alle slag tre.

36 Like eins skal vi, som føreskrive er i lova, føra opp til vår Guds hus dei fyrstefødde av sønene våre og av husdyra våre, anten det er storfe eller småfe, og gje dei til prestane som gjer teneste der.

37 Og det fyrste av brøddeigen, av alle slag frukt og av druesaft og olje skal vi koma til prestane med, til lagerroma i vår Guds hus.Tiend av det som veks på jorda vår, skal vi gje til levittane, og sjølve skal dei krevja henne inn i alle jordbruksbyane våre.

38 Ein prest, ein etterkomar etter Aron, skal vera med levittane når dei krev inn tienda, og sjølve skal levittane bera ein tiandepart av det dei får, opp til lagerroma i vår Guds hus.

39 For både israelittane og levittane skal koma til desse roma med dei heilage gåvene av korn, druesaft og olje. Der står kara som vert nytta i heilagdomen, og der held dei til, dei prestane som gjer teneste, og portvaktarane og songarane. Vi skal ikkje vanskøyta vår Guds hus.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13