1 Den tjuefjerde dagen i same månaden samla israelittane seg og heldt faste, i botsklede og med mold på hovudet.
2 Dei som var av Israels ætt, skilde seg frå alle framande. Dei steig fram og sanna syndene sine og misgjerningane åt fedrane sine.
3 Ein fjerdepart av dagen stod dei kvar på sin stad og høyrde på dei som las opp or lovboka åt Herren deira Gud. Og ein annan fjerdepart av dagen sanna dei syndene sine og tilbad Herren sin Gud.
4 Josva, Bani, Kadmiel, Sjebanja, Bunni, Sjerebja, Bani og Kenani steig opp på den tramen som var laga til levittane, og ropa med høg røyst til Herren sin Gud.
5 Då sa levittane Josva, Kadmiel, Bani, Hasjabneja, Sjerebja, Hodia, Sjebanja og Petakja:Reis dykk ¬og lova Herren dykkar Gud,han som er frå æve til æve.Ja, lova vere ditt herlege namn,som er opphøgt ¬over all lovprising.
6 Einast du er Herren.Du har skapt himmelen,den høge himmel ¬og heile hans hær,jorda og alt som er på den,havet og alt som er i det.Du held liv i alle ting,og himmelhæren tilbed deg.
7 Det var du, Herre Gud,som valde ut Abram,henta han frå Ur i Kaldeaog gav han namnet Abraham.
8 Du såg at han var trufast ¬mot deg.Difor gjorde du pakt med hanog lova at du ville gje hans ættlandet åt kanaanearane,hetittane, amorittane, ¬perisittane,jebusittane og girgasjittane.Og du heldt din lovnad,for du er rettferdig.
9 Du såg kor mykje vondtvåre fedrar leid i Egypt,du høyrde deira rop ¬ved Sevsjøen.
10 Du gjorde teikn og under ¬med farao,med mennene hans ¬og alt folket i landet.For du visste kor hardedei hadde vore med våre fedrar.Då vann du deg eit namn,som du har den dag i dag.
11 Du kløyvde sjøen framfor dei,dei gjekk igjennom ¬på turre botnen.Men dei som fylgde etter, ¬kasta du i djupet;dei sokk som stein ¬i det veldige vatnet.
12 Du leidde dei ¬i ei skystøtte om dagen,om natta lét du ei eldstøtte lysapå vegen dei skulle gå.
13 Du steig ned på Sinai-fjelletog tala med dei frå himmelen.Du gav dei rette ordningarog pålitelege lover,gode føresegner og bod.
14 Du kunngjorde for dei ¬din heilage sabbat;og gjennom Moses, tenaren din,gav du dei bod ¬og føresegner og lover.
15 Du gav dei brød frå himmelennår dei var svoltne,og lét vatn strøyma fram ¬frå bergetnår dei var tyrste.Du baud dei dra inn og ta i eigedet landet ¬som du med opplyft handhadde lova at du ville gje dei.
16 Men fedrane våre ¬var eit stolt og stridlyndt folk,dei høyrde ikkje på dine bod.
17 Dei ville ikkje lyda ¬og kom ikkje i hugdei under du hadde gjort ¬for dei.Stridlyndte var dei ¬og sette seg føreå fara attende ¬til trældomen i Egypt.Men du er ein Gud som tilgjev,du er nådig og mild,langmodig og rik på miskunn,og du gjekk ikkje ifrå dei.
18 Dei støypte seg jamvel ein kalvog sa: «Dette er guden din,han som førte deg opp ¬frå Egypt.»Og dei spotta deg grovt.
19 Men du var like mildog gjekk ikkje frå dei ¬i øydemarka.Skystøtta veik ikkje frå dei ¬om dagen,men leidde dei på vegen;og eldstøtta veik ikkje frå dei ¬om natta,men lyste opp vegen ¬dei skulle gå.
20 Du rettleidde dei ¬med din gode Ande,du gav dei manna til matog lét dei få vatn ¬når dei var tyrste.
21 Du sytte for dei i førti år,i øydemarka sakna dei ¬ingen ting.Kleda deira vart ikkje utslitne,og føtene deira hovna ikkje.
22 Du gav dei folk og kongerikesom du lét dei få til grenseland.Dei la under seg landet ¬åt Sihon,kongen i Hesjbon,og landet åt Og, kongen i Basan.
23 Du gjorde deira etterkomarartalrike som stjernene ¬på himmelen.Du førte dei inn i det landetsom du hadde lova deira fedrarat dei skulle koma og ta i eige.
24 Så kom då etterkomarane deiraog la under seg landet.Kanaanearane som budde der,tvinga du i kne for dei.Kongane og folka i landetgav du i deira vald,så dei kunne gjera med dei ¬som dei ville.
25 Dei tok festningsbyar ¬og grøderik jordog eigna til seg hussom var fulle av gode ting,uthogne brunnar og vingardar,oliventre og frukttre i mengd.Dei åt og vart gode og mette,og levde høgt på dine ¬rike gåver.
26 Men så vart dei trassigeog sette seg opp mot deg;dei vende ryggen til di lov.Dei drap profetane dine,som åtvara deiog ville føra dei attende til deg.Og dei spotta deg grovt.
27 Då gav du dei over til fiendar,som var harde med dei.Men i si naud og trengsleropa dei til deg,og du høyrde dei frå himmelen.I di store miskunnsende du dei bergingsmenn,som frelste dei ¬frå fiendane deira.
28 Men så snart dei hadde fått ro,gjorde dei atterdet som vondt var i dine augo.Og du gav dei over til fiendar,som heldt dei i trældom.Men når dei på nytt ropa til deg,høyrde du det frå himmelenog berga dei gong på gongi di store miskunn.
29 Du åtvara folket;for du ville føra deiattende til di lov.Men dei var hovmodigeog lydde ikkje dine bod.Dei synda mot dine lover,som gjev mennesket livnår det held dei.Dei vende ryggen til i trass;stridlyndte var dei ¬og ville ikkje høyra.
30 I mange år bar du over med dei;du åtvara dei ved din Andegjennom profetane dine.Men då dei ikkje ville høyra,gav du dei over ¬til framande folk.
31 Men i di store miskunngjorde du ikkje ende på dei,og du sleppte dei ikkje.For du er ein mild ¬og nådig Gud.
32 Og no, vår Gud,du store, ¬mektige og agelege Gud,du som held di paktog lèt di miskunn vara ved,rekna det ikkje for smått,alt det vonde som har råka ossfrå den tid ¬assyrarkongane rådde,og til denne dag,råka våre kongar og hovdingar,våre prestar og profetar,våre fedrar og heile folket.
33 Du var rettferdigi alt det som hende oss.For du var trufastom vi fór gudlaust fram.
34 Våre kongar og hovdingar,våre prestar og våre fedrarheldt seg ikkje etter di lov;dei akta ikkje på dine bodog dei åtvaringar du gav dei.
35 Endå dei fekk bu i sitt eige rike,og du hadde unnt dei ¬så mykje godti det vide og grøderike landetsom du hadde gjeve dei,så tente dei deg ikkjeog vende ikkje om ¬frå si vonde åtferd.
36 Difor er vi trælar i dag;vi er trælar i det landet ¬du gav våre fedrar,så dei skulle nyta ¬landsens frukterog alt det gode som finst der.
37 Den rike grøda i landetgår no til dei konganesom du har sett over ossfor våre synder skuld.Dei råder etter eige tykkeover oss og feet vårt.Vi er i stor naud.
38 Etter alt dette gjer vi ein bindande avtale og skriv han opp. Vi set segl på skrivet, og stormennene, levittane og prestane våre skriv under.