Nehemja 6 N78NN

Jødane gjer muren ferdig

1 Sanballat, Tobia, arabaren Gesjem og dei andre fiendane våre fekk høyra at eg hadde bygt opp att muren, og at det ikkje fanst nokon brest i han meir – berre at eg til den tid ikkje hadde sett inn dører i portane.

2 Då sende Sanballat og Gesjem bod til meg og bad meg koma til eit møte med dei i Hakkefirim i Ono-dalen. Men dei tenkte berre på å skada meg.

3 Eg sende nokre menn til dei og svara: «Eg held på med eit stort arbeid og kan ikkje koma. Arbeidet ville stogga dersom eg gjekk frå det og drog ned til dykk.»

4 Fire gonger sende dei same bodet til meg, og kvar gong gav eg same svaret.

5 Femte gongen sende Sanballat meg eit liknande bod. Men no hadde tenaren hans eit ope brev med seg.

6 Der stod det skrive: «Det går ord mellom folka, og Gesjem stadfester det, at du og jødane tenkjer på å gjera opprør, og at det er difor du byggjer opp att muren. Det seiest at du vil verta kongen deira.

7 Du skal jamvel ha sett nokre profetar til å ropa ut i Jerusalem at du er konge i Judea. Dette får nok kongen snart høyra. Så kom då og lat oss samrådast!»

8 Men eg sende dette svaret til Sanballat: «Det har ikkje hendt noko slikt som det du talar om. Det er noko du har funne på sjølv.»

9 For dei la seg alle ut om å skræma oss. Dei tenkte at vi då ville verta trøytte og halda opp med arbeidet, så det ikkje vart fullført. Men eg heldt ihuga fram med arbeidet.

10 Ein dag kom eg til Sjemaja, son til Delaja og soneson til Mehetabel; for han måtte halda seg heime i huset sitt. Då sa han: «Lat oss gå saman til Guds hus, inn i tempelhalla, og lat oss stengja dørene der! For dei kjem og vil drepa deg; i denne natt kjem dei og vil drepa deg.»

11 Men eg svara: «Skulle ein mann som eg røma? Og korleis kunne ein mann som eg gå inn i templet utan å missa livet? Nei, eg går ikkje dit.»

12 For eg skjøna at det ikkje var Gud som hadde sendt han, men at han bar fram denne spådomen om meg fordi Tobia og Sanballat hadde leigt han til det.

13 Han hadde fått betaling for å skræma meg til å gjera som han sa, og dermed synda. Så kunne dei få sett eit uord på meg og spotta meg. –

14 Min Gud, kom i hug kva Tobia og Sanballat har gjort, og at profetkvinna Noadja og dei andre profetane la seg ut om å skræma meg.

15 Femtito dagar etter at vi tok til med arbeidet, stod muren ferdig, den tjuefemte dagen i elul månad.

16 Då alle fiendane våre fekk høyra det, og alle folka som budde ikring oss, fekk sjå det, då seig dei mykje i eigen vørdnad, og dei skjøna at arbeidet var gjort med hjelp frå vår Gud.

17 På den tid skreiv òg stormennene i Judea ei mengd med brev som gjekk til Tobia, og dei fekk brev att frå han.

18 For mange menn i Judea hadde svore han truskap. Sjølv var han verson til Sjekanja, son til Arak, og Johanan, son hans, hadde gift seg med dotter til Mesjullam, son til Berekja.

19 Dei tala til meg om kor mykje godt det var med han, og alt det eg sa, bar dei attende til han. Tobia sende òg brev for å skræma meg.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13