Nehemja 7 N78NN

Til vern om Jerusalem

1 Som no muren var bygd, og eg hadde sett inn dørene, vart portvaktarane, songarane og levittane sette til yrket sitt.

2 Til å stå for styret i Jerusalem sette eg Hanani, bror min, og saman med han Hananja, borghovdingen. For han var ein påliteleg mann og ottast Gud meir enn dei fleste.

3 Eg sa til dei: «Portane i Jerusalem skal ikkje opnast før sola står høgt på himmelen; og før sola glader, skal dørene stengjast og låsast. De skal ta nokre av Jerusalems-buane og setja dei til å halda vakt, somme på dei ulike postane og somme utanfor sine eigne hus.»

Folket i Jerusalem

4 Byen hadde vide grenser, men dei som budde der, var få, og husa var endå ikkje oppattbygde.

5 Då gav Gud meg den tanken at eg skulle samla stormennene og forstandarane og alt folket, så dei kunne verta oppskrivne i ættelister. Eg fann boka med listene over dei som fyrst var komne heim, og der stod det skrive:

6 Dette er dei mennene frå Judea-distriktet som kom heim att or fangenskapet i framandt land. Nebukadnesar, kongen i Babylonia, førte dei dit, og no er dei komne attende til Jerusalem og Judea, kvar til sin by.

7 Dei fylgde Serubabel, Josva, Nehemja, Asarja, Ra’amja, Nahamani, Mordekai, Bilsjan, Misperet, Bigvai, Nehum og Ba’ana.Dette er talet på Israels-mennene:

8 Av Parosj-ætta 2 172,

9 av Sjefatja-ætta 372,

10 av Arak-ætta 652,

11 av Pakat-Moab-ætta, etterkomarar etter Josva og Joab, 2 818,

12 av Elam-ætta 1 254,

13 av Sattu-ætta 845,

14 av Sakkai-ætta 760,

15 av Binnui-ætta 648,

16 av Bebai-ætta 628,

17 av Asgad-ætta 2 322,

18 av Adonikam-ætta 667,

19 av Bigvai-ætta 2 067,

20 av Adin-ætta 655,

21 av Ater-ætta, etterkomarar etter Hiskia, 98,

22 av Hasjum-ætta 328,

23 av Besai-ætta 324,

24 av Harif-ætta 112.

25 Frå Gibeon 95 menn,

26 frå Betlehem og Netofa 188,

27 frå Anatot 128,

28 frå Bet-Asmavet 42,

29 frå Kirjat-Jearim, Kefira og Be’erot 743,

30 frå Rama og Geba 621,

31 frå Mikmas 122,

32 frå Betel og Ai 123,

33 frå det andre Nebo 52,

34 av den andre Elam-ætta 1 254,

35 av Harim-ætta 320,

36 frå Jeriko 345,

37 frå Lod, Hadid og Ono 721,

38 av Sena’a-ætta 3 930.

39 Prestane: Av Jedaja-ætta, etterkomarar etter Josva, 973,

40 av Immer-ætta 1 052,

41 av Pasjkur-ætta 1 247,

42 av Harim-ætta 1 017.

43 Levittane: Av Josva-ætta, etterkomarar etter Kadmiel, av Hodavja-sønene, 74.

44 Songarane: Av Asaf-ætta 148.

45 Portvaktarane: Av ættene Sjallum, Ater, Talmon, Akkub, Hatita og Sjobai 138.

46 Tempeltenarane: Av ættene Sika, Hasufa, Tabbaot,

47 Keros, Sia, Padon,

48 Lebana, Hagaba, Sjalmai,

49 Hanan, Giddel, Gahar,

50 Reaja, Resin, Nekoda,

51 Gassam, Ussa, Paseak,

52 Besai, Maon, Nafus,

53 Bakbuk, Hakufa, Harhur,

54 Baslit, Mekida, Harsja,

55 Barkos, Sisera, Tamak,

56 Nesiak og Hatifa.

57 Etterkomarane etter Salomos tenarar: ættene Sotai, Soferet, Perida,

58 Ja’ala, Darkon, Giddel,

59 Sjefatja, Hattil, Pokeret-Hassebajim og Amon.

60 Tempeltenarane og etterkomarane etter Salomos tenarar var i alt 392.

61 Dette er dei som kom heim att frå Tel-Melak, Tel-Harsja, Kerub, Addon og Immer, men som ikkje kunne gjera greie for si ætt og sitt opphav, om dei høyrde Israel til:

62 Av ættene Delaja, Tobia og Nekoda 642,

63 og av prestane: etterkomarane etter Hobaja, Hakkos og Barsillai, han som hadde gift seg med ei av døtrene til Barsillai frå Gilead og fått namn etter dei.

64 Dei leita etter namna sine i ættelistene, men fann dei ikkje. Difor vart dei haldne for uverdige og utestengde frå prestetenesta.

65 Statthaldaren forbaud dei å eta av den høgheilage maten til det stod fram ein prest som kunne bruka urim og tummim.

66 Dei som høyrde Israels-lyden til, var i alt 42 360,

67 forutan trælane og trælkvinnene, som var 7 337 i talet. Det var òg 245 songarar og songarinner.

68 Dei hadde 736 hestar, 245 muldyr,

69 435 kamelar og 6 720 esel.

70 Nokre av ættehovdingane kom med gåver til tempeltenesta. Statthaldaren gav 1 000 gulldrakmar, 50 offerskåler, 30 presteskrud og 500 sølvminer til tempelkassa.

71 Andre ættehovdingar la 20 000 gulldrakmar og 2 200 sølvminer i arbeidskassa.

72 Resten av folket gav 20 000 gulldrakmar, 2 000 sølvminer og 67 presteskrud.

73 Prestane, levittane, portvaktarane og songarane busette seg i byane sine. Det same gjorde nokre av folket, tempeltenarane og alle dei andre israelittane.Då den sjuande månaden kom, og israelittane budde i byane sine,

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13