1 Stormennene i folket busette seg i Jerusalem. Resten av folket kasta lodd om kvar dei skulle bu. Ein tiandepart skulle bu i Jerusalem, den heilage byen, og ni tiandepartar i dei andre byane.
2 Og folket rosa alle dei mennene som var viljuge til å busetja seg i Jerusalem.
3 Dette er dei hovdingane i landet som budde i Jerusalem, medan resten av folket og prestane, levittane, tempeltenarane og etterkomarane etter Salomos tenarar budde i byane i Judea, kvar på sin eigedom og i sin by.
4 I Jerusalem budde nokre som høyrde Juda-ætta og Benjamins-ætta til.Av Juda-ætta: Ataja, son til Ussia, son til Sakarja, son til Amarja, son til Sjefatja, som var son til Mahalalel, ein av etterkomarane etter Peres,
5 og Ma’aseja, son til Baruk, son til Kol-Hose, son til Hasaja, son til Adaja, son til Jojarib, som var son til Sakarja, ein etterkomar etter Sjela.
6 I Jerusalem budde det i alt 468 våpenføre menn av Peres-ætta.
7 Av Benjamins-ætta: Sallu, son til Mesjullam, son til Joed, son til Pedaja, son til Kolaja, son til Ma’aseja, son til Itiel, som var son til Jesaja,