15 Av levittane: Sjemaja, son til Hasjub, son til Asrikam, son til Hasjabja, son til Bunni,
16 og Sjabbetai og Josabad, som begge var levitthovdingar og stod for dei ytre gjeremål ved Guds hus,
17 Mattanja, son til Mika, son til Sabdi, son til Asaf, songmeisteren som røysta i med lovsongen når dei bad, Bakbukja, som kom nest etter han av brørne hans, og Abda, son til Sjammua, son til Galal, son til Jeditun.
18 I alt var det 184 levittar i den heilage byen.
19 Av portvaktarane: Akkub, Talmon og brørne deira, som heldt vakt ved portane, i alt 172.
20 Resten av israelittane, prestane og levittane budde i alle dei andre byane i Judea, kvar på sin eigedom.
21 Tempeltenarane budde på Ofel, og Sika og Gisjpa hadde tilsyn med dei.