16 og Sjabbetai og Josabad, som begge var levitthovdingar og stod for dei ytre gjeremål ved Guds hus,
17 Mattanja, son til Mika, son til Sabdi, son til Asaf, songmeisteren som røysta i med lovsongen når dei bad, Bakbukja, som kom nest etter han av brørne hans, og Abda, son til Sjammua, son til Galal, son til Jeditun.
18 I alt var det 184 levittar i den heilage byen.
19 Av portvaktarane: Akkub, Talmon og brørne deira, som heldt vakt ved portane, i alt 172.
20 Resten av israelittane, prestane og levittane budde i alle dei andre byane i Judea, kvar på sin eigedom.
21 Tempeltenarane budde på Ofel, og Sika og Gisjpa hadde tilsyn med dei.
22 Tilsynsmenn for levittane i Jerusalem var Ussi, son til Bani, son til Hasjabja, son til Mattanja, son til Mika, ein av etterkomarane etter Asaf, dei som song når det vart halde gudsteneste i Guds hus.