20 Resten av israelittane, prestane og levittane budde i alle dei andre byane i Judea, kvar på sin eigedom.
21 Tempeltenarane budde på Ofel, og Sika og Gisjpa hadde tilsyn med dei.
22 Tilsynsmenn for levittane i Jerusalem var Ussi, son til Bani, son til Hasjabja, son til Mattanja, son til Mika, ein av etterkomarane etter Asaf, dei som song når det vart halde gudsteneste i Guds hus.
23 For kongen hadde gjeve føresegn om songarane og fastsett kva dei skulle gjera kvar dag.
24 Kongens rådgjevar i alle saker som galdt folket, var Petakja, son til Mesjesabel, ein av etterkomarane etter Serah, son til Juda.
25 Nokre av dei som høyrde Juda-ætta til, budde i landsbyar med marker ikring: i Kirjat-Arba og byane der ikring, i Dibon og byane der ikring, i Jekabse’el og landsbyane som høyrer til,
26 i Jesjua, Molada og Bet-Pelet,