25 Nokre av dei som høyrde Juda-ætta til, budde i landsbyar med marker ikring: i Kirjat-Arba og byane der ikring, i Dibon og byane der ikring, i Jekabse’el og landsbyane som høyrer til,
26 i Jesjua, Molada og Bet-Pelet,
27 i Hasar-Sjual, i Be’er-Sjeba og byane der ikring,
28 i Siklag, i Mekona og byane der ikring,
29 i En-Rimmon, Sora og Jarmut,
30 i Sanoah, i Adullam og landsbyane som høyrer til, i Lakisj med markene ikring, i Aseka og byane der ikring. Såleis hadde dei bustadene sine frå Be’er-Sjeba til Hinnom-dalen.
31 Dei som høyrde Benjamins-ætta til, budde i Geba, Mikmas og Ajja og i Betel og byane der ikring,